«Dei beste folka eg kunne tenkje meg»
August 26, 2025Sunnmørske jazzsirklar, Keith Jarrett, Blues Brothers og Togo-grooves: eit intervju med Lars Martin Vik
Tekst: Eli Tenga Foto: Karstein Grønnesby
Saka er: Afrobass debuterer på Kafé Hærverk, onsdag kveld.
No kan ein trygt slå fast at kvardagen er tilbake. Hetebølgjene har gitt seg, og sjølv om ein framleis går med korterma utpå ettermiddagen, kryp gradestokken fort under ti når natta kjem. September og hausten gjer seg klare til å sleppe til, og vi følgjer etter – litt haltande og motvillige.
Men er det éin stad heten held fram, så er det når det rykande ferske bandet Afrobass tek over Hærverk onsdag kveld. Bassveteranen Lars Martin Vik stig endeleg ut av skuggane med eit toppa lag og skal vise fram eit knippe eigne, nye komposisjonar. Det luktar ikkje berre salt og pepar av desse låtane – her er det krydder i fullt monn: vi snakkar soul, blues, jazz, gospel, afrobeat – i ein leikande, rytmisk og uimotståeleg fengande gulasj. Ei heilskapleg visjon som nikkar til den afroamerikanske tradisjonen, og spesielt til Keith Jarrett sitt album Expectations (1973).
Vi tok en prat med “Lama”, sjefen selv i forkant av konserten:
Du, som fleire av Noregs fremste jazzmusikarar, er utdanna på jazzlinja ved NTNU. Korleis var tida di der?
– Det var ei fantastisk tid å vere musikkstudent. Ein heilt utruleg, privilegert og fin situasjon. Vi som bur i Noreg er veldig heldige som har slike utdanningsinstitusjonar rundt oss – og at dei er gratis. Det er ikkje sjølvsagt andre stader i verda.
I Trondheim fekk eg møte mange flotte musikarar, og mykje speling vart det òg, sjølvsagt. Jazzlinja har ein metodikk som gjer at ein får ein spesiell tilnærming til musikken, meir lyttande enn teoretisk. Eg møtte mange som eg seinare har samarbeidd med, blant andre trommeslagar Kenneth Kapstad i Afrobass.
Det er ei tid eg ser tilbake på med stor glede – ung og naiv som ein er, og med heile livet framfor seg. Som vaksen kan eg sjølvsagt tenkje at eg kunne gjort ting annleis eller vore meir seriøs, men slik er det alltid.
Fire år etter at du var uteksaminert gav du ut plata Växthus (2007). I omtalen står det at du, etter femten år som ettertrakta sidemann, endeleg stod fram i rampelyset. Kvifor gjekk du frå å jobbe med ditt eige til mest med andre i denne perioden?
– Det enkle svaret er: familie. Vi etablerte oss, fekk barn, og livet endra seg ganske drastisk. Vi flytta frå Oslo til Ålesund, nærare besteforeldre og med meir stabil kvardag.
I Ålesund er det ikkje mogleg å leve som frilansmusikar åleine, så eg byrja å jobbe i skulen – først som musikklærar, deretter som kontaktlærar, og etter kvart i vaksenopplæringa.
Så musikken måtte vente litt. Men no, femten år seinare, er ungane større – tre gutar som går på barne- ungdomsskule og vidaregåande – og eg har fått meir tid til overs. I 2024 starta eg på dessutan master i utøving ved UiS i Stavanger. Det har gitt meg ny giv og meir musikk i livet. Afrobass er ein del av denne nye satsinga.
Kva samarbeid har vore mest merkeleg eller viktige for deg i denne femtenårsperioden?
– Eg vil trekke fram miljøet rundt Jazzsirkelen i Ålesund. Det har vore ein viktig arena, og eg har hatt mange gode samarbeid her. Spesielt vil eg nemne Lena Nymark og Dag- Filip Roaldsnes. Vi har gjort mykje saman i ulike konstellasjonar, blant anna trioen Astralklang, der vi har jobba med friare og meir elektroniske uttrykk.
Kva var det som dreiv deg til å arbeide med eige materiale og eige band akkurat i denne perioden?
– Det handlar om saknet etter å ha musikken meir i kvardagen, og ønsket om å løfte fram mitt eige uttrykk. Under pandemien hadde vi òg eit husprosjekt i familien, der vi spelte inn og gav ut musikk saman. Det tente ein gnist – at no var det tid for å konsentrere meg meir om mitt eige materiale.
Korleis kom tanken om å starte dette «superlaget» av sterke musikarar?
– Når eg først skulle starte Afrobass, ville eg samle dei beste folka eg kunne tenkje meg. Kenneth og Hedvig var naturlege val, og eg fekk med Vegard Holum frå Fosnavåg, som eg har samarbeidd med i ulike samanhengar.
Elisabeth kom inn litt tilfeldig. Eg hadde ein annan saksofonist i tankane, men han kunne ikkje. Då hadde eg nyleg vore på konsert med Shakai, bandet til Eline Rafteset, der både Kenneth og Elisabeth spelar. Det var naturleg å spørje henne.
Så kom Kouame inn, via ein ven og bandkollega, faktisk trommeslageren i Gjerstad Funk- og Fiskarlag. Vi skal forresten spele på Hærværk seinare i haust.
Med Kouame fann vi tonen fort. og vi fann tonen fort. Vi har til og med jamma fram nye låtar saman.
Kvar stammar ideane bak Afrobass frå – både namnet og det musikalske materialet?
– Namnet er ganske rett fram: Afro + bass. Musikken byrjar ofte med eit bassriff eg lagar når eg øver. Eg spelar det inn, og byggjer låta vidare frå det. Her har eg fått mykje inspirasjon frå basslæraren min, Per Zanussi, som introduserte meg for ein metronom-app med kule groove-mønster.
Eg kjem sjølv frå ein afroamerikansk musikalsk bakgrunn – byrja med blues, så gospel, og etter kvart jazz. Som ungdom spelte vi i bluesband og såg Blues Brothers på repeat, medan dei andre på skulen høyrde på Metallica. Det var alltid litt på sida av mainstreamen.
Eg har òg vore fascinert av vestafrikansk musikk, særleg polyrtmar frå Togo og Elfenbenskysten. På jazzlinja viste læraren min Carl Haakon Waadeland meg ein groove frå Togo. Desse rytmane har eg prøvd å ta inn i Afrobass: fleire lag, groove som aldri stoppar, og eit jam-fokus som gjer at musikken driv framover.
Eg la merke til kallenamnet ditt «Lama». Ligg det ei artig forteljing bak det?
– Ja, det starta då eg flytta frå Sunnmøre til Austlandet. På vestlandet har vi dobbeltnavn ,m men på austlandet har ein kallenavn, så då vart det Lama. Det var Lars Christie på Viken Folkehøgskule som kom på kallenavnten.
I Oslo vart det brukt fast blant vener og kollegaer, og etter kvart vart det òg namnet mitt på sosiale medium. Så det har fulgt meg sidan ungdomstida.
Tre ord til publikum om kva dei kan vente seg?
– Groove. Bass. Dans.
Eg håpar folk får lyst til å bevege seg, kjenne rytmen, og oppleve musikk der jam og groove står i sentrum.
Lars Martin Vik- bass / Kenneth Kapstad- trommer / Hedvig Mollestad- gitar / Kouambe Sereba- perkusjon , kalimba, vokal m.m / Vegard Holum- trompet, perkusjon / Elisabeth Lid Trøen- saxofonar, fløyte og perkusjon
Dørene opnar 20 / 300,- / 20 år/Mer info og billetter her