«Almennheta er svekka av distraksjon, underhaldning og frykt!»
October 21, 2024Et intervju med Ragnhild Aamås som illustrerer situasjonen for den frie kunstens uttrykk og analyserer omstendighetene bak denne
Tekst: Eli Tenga Foto: Ragnhild Aamås
De siste ukene har både vedtak fra Bergen og Oslo byråd samt deres respektive budsjetters offentliggjøring fordret reaksjon fra deler av kunst-Norge. En allerede utsatt gruppe i samfunnet, kunstnere og deres arbeidsvilkår, ser ut til å forverres og nedprioriteres av styresmaktene.
I den anledning publiserer vi et intervju med hausmanit og styreleder i UKS (Unge Kunstneres Samfund) Ragnhild Aamås, som klokt illustrerer dagens situasjon,
Det er svart utdypende på en måte som både utdanner om sakens kjerner, forklarer om holdningene som står bak og analyserer hvordan en kan jobbe for å bedre en ganske så luguber situasjon!
De siste ukene har flere saker gått i pressen. Kunstnere blir presset ut av kirkeristen-atelierene, Bergen kutter voldsomt i kunstnerstipender og Oslo bys budsjett truer med å kvele i hjel Oslo Nye Teater…kunne du gitt et kort sammendrag på hvordan du opplever situasjonen i dag?
- Takk for disse spørsmåla! Om eg skal oppsummere kort, er det vel slik: vi veit fra kunstnarkår og kunstnarundersøkinga fra 2015 før den, at kunstnarar er mellom dei lavest lønte gruppene i samfunnet, samtidig som dei gjer utruleg mykje med dei midla som blir investerte i dei (stipender, prosjektstøtte, subsidierte leiger med meir). Som almenheita får glede av.
Ikkje berre som råvareprodusentar av alt museer, kunsthallar, kunstforeningar og andre typer gallerier viser; men som bidragsytere med kunnskapen sin i skuleverk, dks, kulturskular, og anna.
Kunstnarar og kulturarbeideres blir pressa fra alle kantar desse dagane — mange har aldri kunna arbeide berre med kunstnarskapa, og har supplert inntekter med ymse pengjobbar i deltidsstillingar. Ikkje sjeldan i andre deler av kunstens økosystem: som formidlerne, undervisarar, teknikarar, transportører og skribenter. Dei samme jobbane altså, som det også kuttast i. (I det perspektivet er kunstnarar sjølve ofte kunstlivets største sponsorar). I Oslo har tilsynelatande oppmerksomheitsarbeidet rundt ateliersituasjonen gått inn hos politikarane, men likevel er det kjipt at dei sentrale ateliera forsvinner for yrkesgruppa vår som alt er ganske usynleg (Oslo Open har arbeida lenge med syneliggjeringa). Kirkeristen som du løfter fram, har hatt spesielt tilpassa atelier til ymse arbeid og det er ei sjeldan vare! Vi ser også at atelierer som tidligare har vore del av Oslo kommunes atelier portefølje, blir tekne ut av sirkulasjon slik som Rommen skole og observatoriet i Holmenkollen. Her tapar både kunstnarar og bygningsmassen!
I tillegg ser vi at aktører som kunstkritikk.no, ein mellom få seriøse aktører i feltet, som arbeider både med skribentutvikling (og maktar å opne eit vindu mellom Norge, og kunstnarskapa her i Oslo mot ei større nordisk og internasjonal scene), no får kutt. Dette kjem frå ein manglande forståing av samspelt av mange mindre aktørar på kunstfeltet. Utan kunstkritikk.no får vi dårligare grunnlag for eit eige vokabular for kunsten som foregår her, og mindre forståelse for samspelt mellom hendingar i samfunnet og rørsler i samtidskunsten. Vi mister sjangsen til å førstehandsbeskrive vår eiga tid.
Hvordan føler du offentlighetens syn på kunstnere i en bred forstand er i dag?
- Eg tru vi ser konsekvensen av at det er minimalt med kunst og kulturundervisning i skuleverket, nedbygging av kulturskoler og mest latterliggjerande journalistikk rundt kunstnarar i «mainstream» media (med eit par hederlige unntak). I tillegg har vi dei siste åra opplevd ubehøvla, aggressive tilnærmingar fra periferi-stemmer som sløseriombudsmannen og liknande, som får trolle samtalar om kunstnerskap, og kunstens stad i samfunnet. Ei gullgruve for klikk-avhengige medier!
Vi ser forøvrig i sanntid ein merkeleg kollaps i tilpasning mellom generasjoner av media, og sterk fremmedgjøring i ein stadig meir billeddriven kultur – med bilete som den foretrekke kommunikasjonsform. I eit kritisk perspektiv er det freistande å peike på dette som dødskramper fra sein necro-liberalisme, på veg til å gå under. Skremt av alt som ser annleis ut, og kanaliserer det som forakt.
Men eg vil ikkje kalle det eit offentlig syn, det kjenner meir ut som ymse perifere synspunkt brått kjem i maktposisjoner, og langvarige breie einigheiter og avtalar innan politikk og kultur blir endevende - jamfør tilbakehaldinga av stipend i Bergen. Bølleatferd med andre ord.
Føler du at dette offentlige synet er reflektert i myndighetens tilnærmelse og kutt i felt rundt de kreative virker? I så fall på hvilken måte?
- Mindre eit offentlig syn, og meir periferi stemmer som køyrer hardt på enkeltsaker fra kunst- og kulturfiendtleg perspektiv. Kvifor dei får gjennomslag? Mi grovkorna analyse er: almennheita er svekka av distraksjon, underhaldning og frykt. Trent i omfattande middelmådighet, heller enn konsentrert og utfordrande estetikkar og røyndattgiving. Samt nedbygging av støttesystemer over tid. Det ein taper som samfunn er jo først dei stemmene som ikkje har råd til å klore seg fast til denne bølga er over. (Kan vi stadig tenke på dette som ei bølge, eller er det rett og slett ei ny epoke?).
En ting er at en kutter i kunststipend og støtte, men en annen ting er kommunikasjonen og språket som brukes overfor de dette rammer. Har du noen tanker om dette?
- Kvifor nokon grip til forakt istadenfor nysgjerrigheit, kunne ein spurt? Dei er med hud og hår inne i ein eller anna gruppeidentitet der dette er greit å seie, og manglar direkte kontaktflater med kvarandre, med isolerte grupper i samfunnet og ingen samtaler/membraner. Det er dette som kjem til meg som det raske svaret, men spørsmålet er eit eg trur ein må gå lengre inn i enn vi rekker her. Otholitgruppa var nylig i Oslo og påpeika fleire gangar kor det å istedenfor å skyndte seg til svar, kan ein halde seg i floken. Og det er kanskje noko der, ei utolmodigheit og eit ønske om at noko er enkelt og tydelig, som kunsten ikkje gir politikarane, i forhold til enkel skryt eller slikt. Er det frykt for noko uregjerlig?
Flere og flere kunstnere blir presset ut av storbyene grunnet økt levekostnad og økt leie, spesielt i Oslo. Hvordan ser byen ut om denne trenden fortsetter? Hva mister man og hva tar dets plass?
- Storbyene kommer nok til å ha noko kunst likevelv - den gamle, litt forsofne som enten speglar forenkla bileter av verda tilbake på folk, eller den trygge: med røtter i 1800-taller og i drøvtygginga av dei polerande tropene fra modernitetens billedverden. Det storbyene våre mistar er fylden av eit rikt økosystem i kunstfeltet med både yngre og nyetablerte kunstnarskap, kunstnarar midt i karrieren og dei eldre. Særskilt utsatte er sjølvsagt kunstnarar som velger å stifte familer og alle som ikkje lever på ein eller anna form for direkte arv (nettverk og pengar).
Det er uråd å sei i dag kva kunstnerskap vil stå seg for ettertida. Dette har å gjerne med korleis vi beskriver samtida vår, og kven skal få anledninga til å kunne gjere det.
Hva ønsker du skal skje for at en kan snu den negative utviklingen hva det angår kunstneres arbeidsvilkår?
- Skal ein ha kunst i skulen må det formidlast av nokon som skjønner den og som bryr seg. Ein må halde fram med dei tiltaka som har så stor verknad for så relativt få pengar! Budsjetta for kunst er langt under 1 % av statsbudsjettet. At dette skal vere so vanskelig å få til ,seier likevel at dei gamle krava stadig er omveltende på eit seigt tankegods: å få kunstnerstipenda opp, både i antall og med oppjustering til 50 % av gjennomsnittlig årsinntekt (slik dei var tenkt!). Støtte dei små og mellomstore visningsromma og dei kunstnerdrive initiativa. Sørge for at vi har rom og stadar å arbeide i og publikasjonar som kan arbeide med vokabularet i samtidskunsten. Sette gode standardar for leigekontrakter av verkstad og atelierer. Halde prinsippa for armlengdes avstand slik at kunsten kan vere så fri som mulig. Kunsten er eit felt som bærer i seg kompliserande fortellinga om kva som er verdifullt.
Til slutt handler dette om samfunnets innsikt i og investering i spørsmål som: kven sin beskrivelse av verden teller? Skal berre den gamle støttast, medan vår tids forsvinner (spesielt den som ikkje glatt repetere det folk vil sjå/høyre).